Overvakar Lærdalstunnelen

Vegvesenet skal montere videokamera i begge endane av Lærdalstunnelen. Og alle køyrety som køyrer gjennom tunnelen skal fotograferast, melder NRK Sogn og Fjordande. Målet er å lette arbeidet til redningsmannskapa når det skjer ulukker, forklarar senioringeniør Gunnar Lotsberg. I februar monterer Statens Vegvesen fire videokamera i Lærdalstunnelen, to i kvar ende, som skal filme alle bilar som køyrer inn og ut av tunnelen. Ein million kroner kostar det å installere systemet i den over 24 kilometer lange tunnelen. Når kamera er på plass kan operatørane på vaksentralen i Lærdal følgje med i trafikken på fjernssynskjermen, og dermed kjapt opplyse redningsmannskapa om trafikkbiletet. Systemet har vore prøvd ut med hell i Oslofjordtunnelen og Bømlafjordtunnelen. Senioringeniør Gunnar Lotsberg på vegkontoret seier at det i første omgang ikkje er aktuelt å installere slike kamera i andre tunnelar i Sogn og Fjordane.