Prosjektleiar bygg og Tømrarar - VOSS

Johs. E. Øvsthus AS er eit byggmeisterfirma på Voss som over fleire år har opparbeida stor tillit i den lokale marknaden. Me tek på oss alle typar byggeoppdrag for både private og offentlege byggherrar. Dei siste åra har selskapet vore i jamn vekst, med ein aukande andel prosjektarbeid.

FirmaJohs. E. Øvsthus AS
FylkeHordaland
Søknadsfrist10.09.2010

For å styrke prosjektavdelinga søkjer me etter:

 

Prosjektleiar bygg

 

Me ynskjer ein person som er marknadsorientert, kan forhandle, organisere, kjøpe inn tenester, styre underleverandørar, leie prosjekt, handtere eigne prosjekt og drive bustads- og eigedomsutvikling.

Søkjar bør vere ingeniør eller sivilingeniør i byggfag av bakgrunn, og ha erfaring frå prosjektleiing av totalentreprisar som omfattar både betong- og tømmerarbeid.

Søkjar må ha gode kommunikasjonsevner og evne til å motivere sine medarbeidarar og tilsette.

Rett person vil få ein sentral posisjon i bedrifta.

 

Me tilbyr:

• konkurransedyktig løn

• bonusordning

• eit dynamisk og godt arbeidsmiljø i eit firma som er i

stadig utvikling

• ein arbeidsplass i den kanskje flottaste bygda i Noreg;

natur-, kultur-, idretts- og ekstrembygda Voss!

 

Me søkjer me også etter

 

Tømrarar

 

Søkjar må ha fagbrev, førarkort og disponere eigen bil.

For meir informasjon kontakt dagleg leiar Sjur H. Rørlien 408 40 821, johs.e@ovsthus.no.

Skriftleg søknad og CV sendast johs.e@ovsthus.no innan 10.september.

 

Henvis til  BYGG.NO i din søknad!

Vis flere stillinger: