Daglig Leiar

Voss Cementvarefabrikk AS er den leiande betongindustrileverandøren i Indre Hordaland. Verksemda produserer og omset betong, betongvarer, sand, stein og tilhøyrande, og vil starta opp igjen elementproduksjon. Verksemda vart starta i 1956. i 2010 gjekk NOBI Norsk Betongindustri inn med ein eigarandel på 51%.

Voss Cementvarefabrikk AS har nye og moderne butikk- og produksjonslokale på Voss. Omsetninga i 2009 var 91 mill. Det er 30 tilsette. Me søkjer no ny dagleg leiar.

FirmaVoss Cementvarefabrikk AS
Fylke
Søknadsfrist27.08.2010

 

Teknisk kompetanse - Leiarerfaring – kundeorientert/sal

 

Me søkjer ein engasjert dagleg leiar som vil få totalansvaret for å leie og vidareutvikle Voss Cementvarefabrikk AS. Den rette bør ha ingeniørkompetanse og god teknisk forståing. Det er ynskjeleg med kjennskap til betong, men erfaring frå industri/anlegg/bygg/ produksjon kan vere aktuell bakgrunn. Du må ha evner til å gripa dei mogelegheitene som er i marknaden og like aktivt salsarbeid.

Har du i tillegg leiarerfaring og er klar for nye utfordringar høyrer me gjerne frå deg.

 

Stillingen:

• Dagleg drift

• Starte opp igjen elementproduksjon til bygg

• Planlegge, sette mål og gjere dette om til handling

• Legge til rette og leie dei tilsette i den daglege drifta

• Følgje opp eksisterande kundar og etablere nye

• Sals og tilbodsarbeid

• Økonomistyring

• Innkjøp og administrative oppgåver

• Budsjettansvarleg

 

Personen:

• Ingeniør utdanning.

• Erfaring frå personalleiing og/eller prosjektleiing

• Erfaring frå betong, om ikkje vil nødvendig opplæring bli gitt

• Erfaring frå industri, anlegg, bygg eller produksjon kan vere aktuell bakgrunn.

• Evne til å sjå mogelegheiter og handlekraft til å i verksette

• Opptatt av å nå mål

• Sals erfaring, gjerne frå teknisk sal

• God til å motivere og få med seg medarbeidarar

• Sjølvstende og struktur kjem ein ikkje utanom

 

Utfordrande arbeidsoppgåver og utviklingsmogelegheiter er det nok av, men det er du som må gripa dei. Er me sikre på at du er den rette, er det stor sjanse for at me vert samde om godtgjersla.

Fleire opplysningar om stillinga finn du på nettsida www.vosscement.no eller ved å kontakte Voss Utvikling AS v/Stein Kvarekvål, tlf. 908 58 099 eller Sigmund Bjørke, tlf. 992 03 465. Skriftleg søknad med CV sender du innan 27. august til: stein@vossutvikling.com

Voss Utvikling AS Organisasjonsutvikling – Rekruttering

Vis flere stillinger: