Norconsult sterkare i Sogn og Fjordane

Norconsult overtek firmaet Vest landskap AS i Sogndal og styrkar sin posisjon i Sogn og Fjordane.

Alle aksjane i landskapsarkitektfirmaet Vest landskap blir overtekne 1. september. Verksemda vil bli innlemma som ein integrert del av Norconsult sitt eksisterande kontor i Sogndal frå same dato.

Vest landskap vart stifta i Sogndal i 1992 under namnet A/S landskapsarkitekt Valborg Leivestad. I 2007 endra kontoret namn til Vest landskap AS med Hilde Ruud, landskapsarkitekt MNLA som dagleg leiar.

Kontoret har bygd opp ei allsidig verksemd og har vore med på ei rekke spanande prosjekt. Oppdraga har vore for Statens vegvesen, Statsbygg, kommunar, kraftselskap, organisasjonar, arkitektar og private utbyggarar. Med Sogndal som utgangspunkt er dei fleste prosjekta lokalisert til Sogn og Fjordane samt i Møre og Romsdal

Norconsult med 33 tilsette er det leiande rådgjevarmiljøet i Sogn og Fjordane med kontor i Sogndal, Årdal og Førde og tilbyr rådgjevande ingeniørtenester innan arealplan, bygg, VA, veg, VVS, mekanisk konstruksjon og maskinteknikk.

Vedtaket om aksjeovertakinga er eit resultat av ein prosess som er strategisk grunna og som også er diskutert med og ynskja av tilsette. Båe selskapa ser dette som eit riktig trekk for å møte marknadsmessige og faglege utfordringar i framtida, tryggja arbeidsplassane, samt skapa grunnlag for ny vekst, står det i ei pressemelding.

– Ved å få tilført landskapskompetanse vil Norconsult i Sogn og Fjordane bli endå meir tverrfaglege. Vi vil auka vår konkurransekraft og dermed forsterke vår leiande posisjon i fylket, seier kontorleiar i Norconsult, Jon Ove Lomheim.

Dagleg leiar i Vest landskap, Hilde Ruud er nøgd med å bli ein del av Norconsult.

– Kjøpet vil vera ei god plattform for å vidareutvikle tenester og produkt slik at vi kan tene våre nye og tidlegare kundar på ein endå betre måte, uttalar ho.

Norconsult er Noregs største tverrfaglege rådgjevar retta mot samfunnsplanlegging og prosjektering. Gjennom ca. 80 års erfaring har selskapet bygd opp eit solid fundament som ein toneangivande aktør både nasjonalt og internasjonalt. Norconsult sitt hovedkontor ligg i Sandvika utanfor Oslo. Selskapet er eigd av dei tilsette og har ca 1700 medarbeidarar fordelt på 1300 i Noreg og 400 i utlandet.