Energi-effektiviserings-rapport utsettes

Rapport om energieffektivisering i bygg utsett til 23. augustArbeidsgruppa om energieffektivisering i bygg vil leggje fram rapport først etter sumarferien.

 

Kommunalminister Liv Signe Navarsete sette ned arbeidsgruppa i desember 2009. Gruppa hadde frist til 1. juli 2010, men har bede departementet om utsetjing for å kvalitetssikre rapporten. Departementet har fastsett ny dato for overlevering til 23. august.

- Arbeidsgruppa har eit krevjande mandat. Eg har forståing for at dei ikkje kom heilt i mål innan fristen, seier Navarsete.

Eli Arnstad leiar gruppa som består av representantar frå heile byggjenæringa, forskingsmiljø, kommune-Noreg og miljøorganisasjonar.