Slepp å søkje om eldstader

Den planlagde søknadsplikta for eldstader som skulle gjelde frå 1. juli 2010 blir lagt på is. Dermed slepp ein framleis å søkje for å installere eller reparere peisar og omnar.

 

– Vi såg at det ville bli utilsikta verknader av dei nye reglane. Mellom anna blei søknadsplikt for eldstader både tungvint og kostbart for folk. Difor blir dette punktet i dei nye byggeforskriftene ikkje sett i kraft, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Dei noverande reglane, der eldstader ikkje er søknadspliktige viss arbeidet blir kontrollert av kvalifisert kontrollør, blir vidareførte.

Ny plan- og bygningslov med forskrifter gjeld elles frå 1. juli 2010.