Nytt vegmuseum i Region vest

19. juni opna Norsk vegmuseum Region vest i Dirdal i Rogaland. Det vart ikkje noko vanleg opning med snorklypp, det skjedde ved steinklyving med blekk, kilar og slegge, skriver vegvesen.no.

 

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa, fylkeskultursjef John Gunnar Johnsen og ordførar i Gjesdal kommune Olaug V. Bollestad var utfordra til å utøve dette gamle handverket denne dagen.

Stor opning

Det vart eit flott arrangement med ulike kulturinnslag i samarbeid med Gjesdal kommune. Kommunen knytte dette arrangementet opp mot Sulaskarprosjektet som er eit veg-formidlingsprosjekt med 20-års jubileum i år og eit samarbeid mellom seks kommunar i distriktet.

Gjesdalringen dansa, Gjesdal brassband spela, Gjesdal Street Dance gjennomførte ei flott forestilling og Dirdal skulekor song. Og sola skein om kapp med gjestane.

Museet vil verte opent fram til 15. august til desse tidene:

Søndag til fredag klokka 11.00 til 18.00

Laurdag klokka 11.00 til 15.00

Kontakttelefon 51 91 14 82 (kontortid)

Om utstillingane

Vegmuseet i Dirdal er ei samling av vegutstyr og veghistorie frå heile vestlandet. Grunnlaget er den flotte samlinga som var utstilt i kjellaren ved vegkontoret i Stavanger. Arbeidet starta for fleire år sidan, da det var meininga at avdelinga (vegkontoret) i Stavanger måtte ut av lokala i Lagårdsvegen, fordi leigeavtalen gjekk ut. Utstillinga måtte flyttast/ reddast, og den tidlegare vegstasjonen frå 1962 i Dirdal var eigna til formålet.

Her var fire bygningar i utgangspunktet. No er to av dei bygd saman og utvida for å få plass til alt. Tidlegare trafikksjef Svein Magne Olsen har vore arkitekt, og fleire pensjonistar med Martin Nødland i spissen har lagt ned eit utruleg arbeid på staden. Lars Eide som fylkeskontakt og regionskontakt Nils Nonås har også gjort ein stor innsats for å kome i mål med dette utstillingsmagasinet for Statens vegvesen Region vest.

Her er utstillingshallar og møterom, og når alt vert fiks ferdig skal her vert ein fin rasteplass med fasilitetar for vegfarande.