Vaage kjøper Meling Eiendom

Dagleg leiar, Lars Vaage, i West-Lamell har kjøpt alle aksjane i bedrifta frå Meling Eiendom Bakgrunnen for kjøpet er den usikre framtida til Melingselskapet etter konkursen i Meling Bygg i haust. Det skapte behov for stabilitet på eigarsida, forklarer Vaage til Stavanger Aftenblad. Han har vore dagleg leiar ved bedrifta som lagar komponentar til dør- og vindusfabrikkar, sidan 1987, og kjenner verksemda ut og inn.

Lars Vaage seier det var ei vanskeleg avgjerd å fatta. Men han har tru på bedrifta som har 14 fulltidstilsette. Fordelen er at eg kjenner bransjen. Ulempa er at eg blir sitjande med mykje ansvar, seier han. Han presiserer at aksjekjøpet hans blei gjort for å berga bedrifta, og at han i alle år har vore fornøgd med å ha melingselskapet på eigarsida. Kor mykje Lars Vaage betalte for aksjane vil han ikkje fortelja. Men det er snakk om at Suldal Utviklingsselskap skal kjøpa ein tredjedel av aksjane. Formelt overtek Vaage West-Lamell 27. desember. Også eit anna selskap i Melingkonsernet har skifta eigar. Meling Entreprenør sine rundt 20 tilsette får beskjed i ettermiddag. Og før dei er informerte, vil ikkje dagleg leiar Arnstein Landsnes seia noko til avisa.