Løyve til Vikeelva kraftverk

NVE gjev Fjellkraft AS løyve til bygging av Vikeelva kraftverk i Kåfjord kommune i Troms.

Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på rundt 14 GWh, noko som svarar til det årlege forbruket til omlag 700 husstandar.

Kraftverket vil ligge i Vikeelva i Nordmannvikdalen og nytte ei fallhøgde på 146 meter noko som reduserer vassføringa på ei 2800 meter lang elvestrekning. Vatnet skal førast i nedgravd røyr mellom inntak og kraftstasjon.

Det er ikkje funne raudlista artar langs elva, men omsynet til landskap, fisk og elvenær vegetasjon gjer at NVE meiner det er naudsynt med minstevassføring heile året. Denne er fastsett til 500 liter i sekundet i tida mai til og med september, og 100 liter i sekundet resten av året. Desse tiltaka i tillegg til god planlegging og oppfølging av prosjektet i byggetida vil etter NVE sitt syn gje akseptable verknadar for landskap og miljø.

NVE vurderer fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne og private interessene til å vere større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket, og gjev difor Fjellkraft AS løyve til bygging av Vikeelva kraftverk på fastsette vilkår.

Les meir om Vikeelva kraftverk på www.nve.no/konsesjonsnyheter