Løyve til Røneid og avslag til Engjedalselvi

NVE har handsama to søknader om bygging av Røneid og Engjedalselvi kraftverk i og ved Gaupne sentrum i Luster kommune i Sogn og Fjordane.

- Vi gjev løyve til å byggje Røneid kraftverk som vil gje ein årleg fornybar produksjon på om lag 14,5 GWh. Dette tilsvarar straumbruken til omlag 725 husstandar. Engjedalselvi kraftverk får ikkje løyve grunna konflikt med naturverdiar knytt til elva i nedre del, heiter det i ein melding frå NVE.

Løyve til byggjing av Røneid Kraftverk
Røneid kraftverk i Kvernelvi vil få ein installert effekt på omlag 4,3 MW og gje ein årleg produksjon på omlag 14,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 725 husstandar. Det vil bli nytta ei fallhøgd på 500 meter med ei røyrgate på omlag 2,2 km. Det er sett krav om ei minstevassføring på 100 l/s i perioden 1/6 - 30/9 og 50 l/s resten av året.

Tiltaket vil gje positive ringverknader lokalt og ca. 14,5 GWh i ny årleg kraftproduksjon. Tiltaket vil gje varig inntekt til Røneid kraftverk AS, som hovudsakeleg er eid av lokale grunneigarar. Utbygginga vil gje nokre negative verknader for mellom anna landskap og friluftsliv i området. Gjennom detaljplangodkjenning og oppfølging i byggjetida vil NVE sjå til at landskapsinngrepa knytt til utbygginga vert avgrensa i tilstrekkeleg grad. Med krav om nedgrave røyrgate og slepp av minstevassføring heile året meiner NVE at konsekvensane vert monaleg redusert.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Avslag for Engjedalselvi kraftverk
Engjedalselvi kraftverk i Engjedalselvi var planlagt med ein installert effekt på 3,5 MW og ein årleg produksjon på omlag 12 GWh. Engjedalselvi utgjer eit betydeleg landskapselement og ei utbygging vil, etter NVE si oppfatning gje betydeleg verknad på landskap og friluftsliv i eit stort landskapsrom, om anna gjennom sterkt redusert vassføring og store fysiske inngrep i eit krevjande og godt synleg terreng.

Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE vurderar utbyggingsplanane til ikkje å vere akseptable i høve til allmenne interesser og gir difor ikkje løyve til bygging av Engjedalselvi kraftverk.