Meir til vegar på Vestlandet

- Regjeringa foreslår ei tilleggsløyving på 80 millionar kroner til vegprosjektet E 39 Kvivsvegen i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Prop. 127 S (2009-2010) Ein del saker på Samferdselsdepartementets sitt område

Prop. 125 S (2009-2010) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2010

- Desse ekstra midlane vil sikra effektiv framdrift for prosjektet og opning av vegen i 2012, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

I forslaget om tilleggsløyving blir det vist til at framdrifta på ein del av anleggsarbeidet har blitt raskare enn rekna med. Dette har ført til større utbetalingar i 2010 enn føresett i tidlegare vedteke budsjett.

E 39 i Hjartåberga: 10 millionar kroner til førebuande arbeid med rassikring

Etter opninga av Kvivsvegen i 2012, vil E39 bli flytta til dagens fylkesveg 651 på nordsida av Austefjorden i Volda kommune i Møre og Romsdal. I Nasjonal transportplan er det difor lagt opp til arbeid med sikring av den rasfarlege strekninga på fylkesveg 651 ved Hjartåberga i løpet av perioden 2010-2013.

- For å sikra at anleggsarbeidet i Hjartåberga kan starta så tidleg som råd i 2011, treng ein om lag 10 millionar kroner til prosjektering og førebuande arbeid i 2010. Dette beløpet vil bli finansiert gjennom interne omdisponeringar innan tidlegare vedteken løyving til rassikring i 2010, seier samferdselsministeren.

Fylkesveg 64 Atlanterhavstunnelen

- Staten vil gå inn med til saman 60 millionar kroner for å dekkja delar av auken for prosjektet fylkesveg 64 Atlanterhavstunnelen i kommunane Averøy og Kristiansund i Møre og Romsdal. Kostnadsramma for prosjektet er no auka frå 826 til 900 millionar kroner, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Utbygginga var eit riksvegprosjekt (riksveg 64) fram til 1. januar 2010. Då vart vegen gjort om til fylkesveg, med fylkeskommunen som ansvarleg ”vegeigar og -haldar”. Prosjektet vart opna for trafikk i desember 2009, mot opphavleg føresett i desember 2008.

- Samferdselsdepartementet finn det urimeleg at fylkeskommunen skal dekkja heile kostnadsauken for eit prosjekt som vart opna for trafikk i 2009 og skulle ha vore opna i 2008. Staten vil difor ta ein stor del av kostnadsauken, seier samferdselsministeren.

For fleire opplysningar:

Prop. 127 S (2009-2010) Ein del saker på Samferdselsdepartementets sitt område

Prop. 125 S (2009-2010) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2010