Veiutbygging i Rogaland og Vest-Agder

- Fylkesveg 45 gjennom Gjesdal og Sirdal er blitt stadig viktigare for næringsutvikling, reiseliv og friluftsliv i området. Arbeidet med å utbetra vegen bør difor vidareførast, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

I statsråd i dag er det lagt fram eit forslag om nytt og utvida opplegg for utbygging og finansiering av fylkesveg 45 i Gjesdal kommune i Rogaland og Sirdal kommune i Vest-Agder.

Utbygginga på fylkesveg 45 er frå og med 2010 finansiert ved ein kombinasjon av fylkeskommunale midlar og bompengar. Ordninga med innkrevjing av bompengar vart sett i verk i 2004.

Forslaget frå regjeringa er i tråd med vedtak og avklaringar på fylkeskommunalt og kommunalt hald. Det fører mellom anna til at bompengeopplegget skal utvidast med åtte nye år, i tillegg til tidlegare vedteken bompengeperiode på 12 år.

Den vidare utbygginga av vegen omfattar ei rekkje utbetringar i Gjesdal kommune. For vegen gjennom Sirdal kommune er det lagt opp til ombygging av kryss ved Sinnes og bygging av gang- og sykkelveg mot Tjørhomfjellet.

Det er lagt til grunn ei samla økonomisk ramme på 212 millionar 2010-kroner for perioden 2010-2024.

- Rogaland kan ta til i sommar og kan opnast for trafikk i 2012 som tidlegare føresett, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Kostnadsoverslaget for utbygginga er auka frå 434 til 484 millionar kroner. Auken har samanheng med uføresette kostnader, blant anna i samband med at lokale støytiltak var undervurderte i tidlegare kostnadsoverslag.

- Utbygginga av riksveg 510 Solasplitten inngår som ei ny og viktig veglenkje mellom E39, Stavanger lufthamn Sola og stamnetthamna i Risavika. I tillegg vil prosjektet avlasta lokalvegnettet i området, seier samferdselsministeren, som legg til grunn at Stortinget gjer endeleg vedtak i saka før sommaren.