Statoil vil ha gasskraftverk på Nordmøre

Statoil søker no konsesjon på bygging av eit fullverdig gasskraftverk på Tjeldbergodden i Aure. meldar NRK. Direktør for gass og energi i Statoil, Gunnar Mryvang tror et gasskraftverk på Tjeldbergodden kan stå klart i 2007.

Gasskraftverket blir eit stort anlegg til fleire milliardar kroner og det vil kunne produsere 800 til 850 Megawatt med straum. Direktør for gass og energiløysingar i Statoil, Gunnar Myrvang, stadfestar at dei kjem til å søke om konsesjon med det første. Fleire milliardar Selskapet vil investere fleire milliardar kroner i prosjektet men kan førebels ikkje seie kor mykje det vil koste. Dette er ein region i Noreg med eit stort kraftunderskot, og nokon må på eit eller anna tidspunkt gjere noko for å forsyne Midt-Noreg og Møre og Romsdal med meir kraft, seier direktør Myrvang. Myrvang seier at dersom Statoil får konsesjonssøknaden ferdig og det blir tatt ei avgjerd i løpet av 2005, vil kraftverket kunne stå ferdig og setjast i drift mot slutten av 2007. God tru på Tjeldbergodden Fleire stader i landet blir det arbeidd med planar om gasskraftverk, men ingen er så langt realiserte. Rådgivar i Istad-konsernet i Molde med gass som spesialområde, Ståle Nogva, har stor tru på planane som Statoil har på Tjeldbergodden.