Eiksundbrua: Laber framdrift, men det er utanpå

Det kan sjå ut som om framdrifta med Eiksundbrua på Sunnmøre er laber. Men det er berre utanpå, som det heiter i songen, skriv Vikebladet.

Arbeidet med å støype to fundament på sjøbotnen i Eiksundet pågår for fullt, og ved anlegget til Ulstein Betongindustri i Haddalura er ein i full gang med arbeidet på dei to betongkassene som beresøylene til Eiksundbrua skal stå på. Vidar Moldskred i Ulstein Betongindustri opplyser at betongkassene blir bygde i tørrdokka på Haddal av bruentreprenør Reinertsen, som utfører arbeidet med sine eigne folk. Dei to kassene får eit areal på 8 x 13 meter og blir bygde parallelt. Når bygginga har nådd eit visst nivå, blir kassene løfta ut frådokka med kran for så å bli liggande ved betongindustrikaia for vidare påbygging i høgda. Ved påsketider blir kassene slepte til Eiksundet og plassert på botnfundamenta der. Så set ein i gang med å fylle dei med betong. Til slutt når brukaret opp over sjønivå. - Kassene fungerer altså som ei slags forskaling, seier Moldskred.