Toalettbygg rasert av pøbel

Toalettbygget på rasteplassen på Fv 660 på Skjærhalsen ved Nesset prestegard vil bli fjerna etter at det igjen er utsett for omfattande hærverk, skriv vegvesen.no

 – Det var eit trist syn som møtte oss når vi vart varsla. Alt av toalett, vaskar og vindauge er knust, seier seksjonsleiar Ivar Hol i Statens vegvesen Region midt. Til overmål er det skote hol i taket med hagle, fortel Hol.

- Toalettbygget er rett og slett heilt øydelagt.

Det er no gjort omfattande hærverk så mange gonger på denne rasteplassen, og forholda er alltid blitt meldt til politiet. Dessverre utan resultat.

- Vi kan ikkje fortsette å ta så store kostnadar og vil derfor fjerne toalettbygget. Det er veldig synd, da dette er ein av dei flottaste rasteplassane vi har i Møre og Romsdal, avsluttar Ivar Hol.