Nybygg for Høgskulen i Volda

Statsbygg har ferdigstilt nytt kontorbygg for Høgskulen i Volda.

Måndag 26. april kl. 11.30 overleverer Statsbyggs avdelingsdirektør Randi Merethe Rogstad lokala til høgskuledirektør Jacob Kjøde.

Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning har allereie flytt inn i nybygget med 56 kontor i tillegg til møterom og fellesareal. Nybygget over to etasjar har eit samla areal på cirka 1700 kvadratmeter. I underetasjen er det tekniske rom og lager. Synnøve Riste-huset er knytt saman med Berte Kanutte-huset via ei gangbru.

Det blei lyst ut ein namnekonkurranse for nybygget. Synnøve Riste (1858–1889) var ein lokal kulturpersonlegdom, ho var målkvinne og redaktør. Ho var ei av dei første kvinnene i norsk presse som skreiv nynorsk.

Byggjeperioden var frå februar 2009 til februar 2010. Oppdragsgivar var Høgskulen i Volda. Kostnadsramma er 38,8 millionar kroner.

Totalentreprenøren har vore HENT AS. Arkitekt har vore Nuno arkitektur, som òg var arkitektar for Berte Kanutte-huset på høgskuleområdet.