NVE tilrår løyve til Sagelvi kraftverk

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Småkraft AS løyve til å byggje Sagelvi kraftverk i Sagelvi i Voss kommune, Hordaland.

Tilrådinga gjeld bygging av inntaksdam ved kote 310 i Sagelvi og kraftstasjon på kote 35. Mellom desse vil det gravast ned røyr over eit strekkje på omlag to kilometer. Slukeevna i kraftverket er på 200 prosent av middelvassføringa. Det vil verte bygd nokre hundre meter med nye vegar, og ei bru over Sagelvi til kraftstasjonen.

NVE rår til at det vert sleppt ei minstevassføring forbi inntaket på 200 liter i sekundet i sommarhalvåret og 100 liter i sekundet i vinterhalvåret, og at det vert installert ein omlaupsventil, eller tilsvarande teknisk løysing, i kraftverket på halvparten av slukeevna.

NVE vurderer utbygginga, med dei fastsette vilkåra, til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Les meir om tilrådinga til løyve til Sagelvi kraftverk på www.nve.no.