Flom og skred ikke godt nok kartlagt

Den statlige kartleggingen av flom- og skredfare er mangelfull. Mange kommuner er ikke godt nok forberedte på faren for flom og skred, mener Riksrevisjonen.

Dette skriver Riksrevisjonen i sin pressemelding:

Dei manglar kompetanse til å dra nytte av den statlege kartlegginga og manglar ofte kjennskap til det juridiske ansvaret dei har. – Kommunar har plikt til å auke flaum- og skredkompetansen sin og statlege etatar må ta eit mykje større ansvar for at dette skjer, seier riksrevisor Jørgen Kosmo.

Dokument 3:4 (2009–2010) Riksrevisjonens undersøking av arbeidet til styresmaktene med å førebyggje flaum- og skredfare vart overlevert Stortinget 15. april 2010.

Store delar av Noreg er utsett for flaum og skred frå naturens side. Førebygging er ei viktig oppgåve for styresmaktene. Riksrevisjonens undersøking viser at det er varierande grad av nasjonal kartlegging av flaum-, kvikkleire- og skredfare. Ved utgangen av 2008 var det innanfor dei kartlagde fareområda nesten 66 000 bygningar. Omlag 160 000 menneske var busette der.

Aktsemdskart for stein- og snøskred er utarbeidd for å gi kommunane hjelp til å vurdere kvar dei skal kartleggje grundigare. Riksrevisjonens undersøking viser at desse aktsemdskarta ikkje er godt nok kjende i kommunane eller hos fylkesmennene. – Få av dei som har motteke slike kart, gjer dei nødvendige oppfølgingsundersøkingane, seier Jørgen Kosmo.

Kommunane rettar seg i stor grad etter informasjon om flaum og skred som kjem frå fagetatar. Undersøkinga viser likevel at fleire kommunar ikkje hadde god nok forståing av lovgrunnlaget og det ansvaret dei har. Mange kommunar manglar flaum- og skredkompetanse, og dei har heller ikkje fått den hjelpa dei har hatt bruk for frå statlige etatar. Undersøkinga viser òg at fylkesmenn og kommunar ikkje veit korleis dei skal ta omsyn til klimaendringar i arbeidet med å avgrense flaum- og skredfare.

Olje- og energidepartementet og Miljøverndepartementet synest undersøkinga er relevant og nyttig i det vidare arbeidet deira. Frå og med 1. januar 2009 fekk Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) det overordna statlege ansvaret for å førebyggje alle former for skred, og skal arbeide etter den same modellen som etaten har hatt i sitt flaumarbeid. Skredansvaret blei flytta frå fleire statlege styresmakter og samla i NVE for å forbetre den statlege forvaltninga.