Fem vil bygge bru på Kvivsvegen

Fem entreprenører leverte tilbud på bygging av Storelvbrua, som er et delprosjekt på Kvivsvegen.

Dei fem entreprenørane er Skanska Noreg A/S, Betonmast Anlegg A/S, Mesta A/S, Veidekke Entreprenør A/S og Eco-Bygg A/S. Tilboda varierer frå 27,3 mill. kroner til i underkant av 33,8 mill. kroner.

Prosjektleiar Oddbjørn Pladsen seier seg godt nøgd med tilboda, som ligg godt innanfor byggherreoverslaget. Tilboda vert no kontrollregna, og vedståingsfrista er sett til 4 mai 2010. Ved normal framdrift er oppstart med grunnarbeida planlagt før sommarferien. Ferdigstilling er sett til 15. september 2011.

Storelvbrua får ei total lengde på 144 meter fordelt på 4 spenn, (32 meter + 40 meter + 40 meter +32 meter) samt landkarkonstruksjonar. Total brubreidde er 13,7 meter fordelt på 2 kjørefelt, skuldre, gang- og sykkelveg samt rekkverksrom. Brua blir utført som plasstøypt, spennarmert betongplatebru m/vingar. Landkar fundamenterast på sprengsteinsfylling og søyler fundamenterast direkte på stadlege lausmassar

Kontrakten er ei einingspriskontrakt, og entreprisen omfattar desse hovedarbeida:

* Tilbakefylling rundt landkar, samt rundt søylefundamenter.

* Erosjonsikring rundt alle søyler.

* Forskaling, armering og støyping av landkar, søyler, overbygning inkl. kantbjelkar.

* Avtrekking av brubane og kantbjelkar.

* Levering og montering a brurekkverk, brulagre, fugebeslag, feste for lysmaster og trekkerøyr for tilførselsledninger.

* Utlegging av Pmb-basert membran og slitelag av asfaltbetong.