Vossapakko status mars 2010

Veidekke entreprenør as ét seg inn i Tunsbergtunnelen frå begge endar, og når nyvegen er ferdig utanom og under Skjervet skal ”den gamle” og krokete få ein fin rasteplass med utsyn, skriv vegvesen.no.

 

Anlegget er i rute og ca. 60 mann frå hovudentreprenør med underentreprenørar er i sving.

Tunsbergtunnelen

Frå austre enden av tunnelen (Granvin-sida) har dei sprengt seg 250 meter inn i fjellet og på vestre enden er tunnelen no 450 meter lang. Etter planen skal dei to løpa møtast inne i fjellet til gjennomslag på tampen av 2010. Tunneldrivinga går med tre skift, så her er arbeid heile døgeret.

I Tunsbergtunnelen vert stigninga 5,07%. Nye forskrifter på utforming av tunnelar har sett maksimalt 5 % stigning dersom det ikkje vert bygd forbikøyringsfelt.

Prosjektet søkte Vegdirektoratet om å fråvika dette kravet m.a. fordi kostnadene ikkje står i forhold til forventa trafikkmengde. Denne nye løysinga vart uansett ei stor forbetring i høve til tidlegare godkjende planar med to kortare tunnelar på strekninga.

Fråvik vart innvilga etter at det vart laga ein risikoanalyse utarbeidd av eksterne konsulentar. Då den nye løysinga gir slakare stigning enn opprinneleg planlagt – og godkjend, fann ikkje Vegdirektoratet grunn til å krevje forbikjøringsfelt. Det vil vere mulig å køyre forbi i tunnelen slik den no vert bygd.

Peling i myr

Ved Svelgane skal vegen krysse ei myr der det er opp mot 50 meter ned til fjell. For å få stabilt underlag for vegen, vert det her ramma ned 250 betongpelar – dei lengste på 45 meter.

På toppen av desse skal det støypast såkalla ”pelhattar” i betong, kvar på 1,5x1,5 meter. Så skal det leggast jordarmering og duk før tunnelmassar og pukk skal danne sjølve vegkroppen.

Ved Mønshaugen

Fjellknausen som ein har køyrd rundt i alle år er no sprengd vekk og ein kan sjå konturane av ny og slakare trasé. Det er dessutan fylt tunnelmassar på nedsida av eksisterande veg og anleggsarbeida på strekninga ned mot Palmafossen er i full gang.

Arbeida har ført til problem for dei som brukar gang-/sykkelvegen fordi denne måtte stengast på fleire stader. Dei mjuke trafikantane er no vist til å ferdast på riksvegen, og fartsgrensa er sett ned til 40 km/t.

- Eg vonar dette ikkje vil føre til for store ulemper for trafikantane, seier prosjektleiar Lars Magnar Røneid, som oppmodar til aktsam ferdsel.