Byggjer av returglas

I Bismo reiser det seg eit stort industribygg som i all hovudsak blir bygd av returglas. Der skal Glasitt as produsere pellets av returglas, skriv Gudbrandsdølen Dagningen.

Det er snakk om resirkulering frå A til Å for Glasitt as. Veggelementa i det 1.160 kvadratmeter bygget er støypt av returglass. Råbygget, det vil seie takkonstruksjonane og stålsøylene er kjøpt brukt. Det er også smelteomnen for produksjon av skumglas/pellets. Og på toppen av det heile er råvarene returglas. - Glashus. Det er det det er. Gründer Svein Gundbrand Lund i Glasitt as er i ferd med å få realisert planane han har arbeidd med over fleire år. Med ein gammal sementblandar og glaspellets har han gjort uttalige forsøk for å finne fram til den rette blandinga for støyping av pelletsen til bygningsartiklar. Han greide det til slutt. Metoden og produkta han har pønska seg fram til har vekt stor oppsikt. Så stor, at Lund for eit par år sidan vart tildelt Reodorprisen. Med bakgrunn i hans oppfinningar, byggjer Glasitt as smelteverk for returglas i Bismo. I det vesle produksjonsanlegget som står vegg i vegg med nybygget, går maskinene for full for produksjon av veggelment av glaspellets. Dei fire meter lange, ein meter høge og 30 centimeter tjukke elementa blir montert mellom stålsøylene i nybygget. Det er i fremste rekkje blokkstein som vil bli produsert av pelletsen frå smelteverket til Glasitt. Men Lund ser ikkje bort frå at veggelement kan bli eit anna betydeleg produkt. - Vi veit alt nå at våre element er konkurransedyktige på pris i forhold andre veggelement, seier Lund. Glaselementa tilfredsstiller normalen til isolasjonskrav, dei er lette å handtere, brannbestandige og ikkje minst eit produkt med høg miljøfaktor. Medan produksjonen av blokkstein skal skje i andre anlegg enn Galsitts eige, reknar Lund med at produksjonen av veggelement vil skje i eigne lokal i Bismo. Dei kan lagast etter mål. Hittil har Glasitt i eige anlegg produsert mellom anna peisar, rekkverk og fliser. Men produksjonen vil, når produksjonslokalet står ferdig, i hovudsak dreie seg om skumglas/pellets av returglas frå Norsk Glassgjenvinning. - Det blir utruleg spennande den dagen vi kan starte opp smelteomnen. Vi er klar over at det kan bli ei utfordrande innkøyringsperiode. Monteringsarbeidet pågår nå for fullt. Vi håpar på å kunne fyre opp omnen rundt påske, seier Lund.