E.Opedal fekk Nordfjord-kontrakten

Frå 1.september 2010 overtek E.Opedal & Sønner funksjonskontrakten frå Mesta. Signeringa fann stad på regionvegkontoret på Leikanger, skriv vegvesen.no

- Det blir spennande, seier Eivind Opedal, dagleg leiar i E. Opedal & Sønner. Entreprenørselskapet med base i Lofthus i Hardanger, vil frå hausten av ha ansvar for tre område i Sogn og Fjordane: Nordfjord, Indre Sogn og Indre Sunnfjord. I tillegg står dei for drift og vegvedlikehald av vegane i Hardanger og Voss.

Opedal meiner det er fleire fordelar med å sikre seg område som grensar mot kvarandre.

– Det gjer at vi betre kan nytte utstyr, personell og kompetanse på tvers av områda, seier han, og legg til at selskapet heilt bevisst har valt å stå utanfor anbodsrundane i dei største byane.

– Vi har funne vår nisje i distrikta. Der er det ofte enklare, og konkurransen mindre.

Vil sikre seg lokalkunnskap

E.Opdal sitt tilbod på kr.170.800.000,- var det lågaste i denne kontraktrunden. Totalt får dei ansvar for drift og vedlikehald av 615 kilometer veg. Opedal er overtydd om at dei har det som skal til for å drifte dette området, sjølv om det ligg langt unna firmaet sin base i Hardanger.

– Vi har hatt ein del kontraktar i Nordfjord dei siste åra, og har blitt betre kjent der. Resten vil vi skaffe ved å knytte til oss underentreprenørar med lokalkunnskap, seier Opedal.

Han reknar med at dei vil tilsetje om lag ti personar i samband med den nye kontrakten. Hovudutfordringa i dette området er den samme som dei møter andre stader, nemleg å sikre rekruttering til ein bransje med høg snittalder.

– Det er særs viktig at kompetanse blir overført frå dei med lang erfaring til nykommarane. Dette gjeld spesielt når det kjem til drift av fjellovergangane, seier Opedal.