Husbanken: Nytt låneopplegg for 2004

Husbanken har innført eit nytt låneopplegg for 2004, skeriv banken på sine nettsider. Basislånet aukar med 50.000 kr, og det er innført både nye og utvida lånetillegg. Utlånsramma for 2004 er totalt 14,5 milliardar kroner.

Årets låneopplegg viderefører de boligpolitiske prioriteringane i 2003 om bygging av nøkterne bustader med god kvalitet, tilgjengelegheit og miljøstandard. Utvida basislån Husbanken sitt hovudstyre har vedteke at basislånet aukar med 50.000 kr på alle trinn av lånetrappa, slik: Bustader på minimum 45 m2: 630.000 kr Bustader på minimum 65 m2: 680.000 kr Bustader på meir enn 105 m2: 630.000 kr Ei prosentvis låneutmåling kan vere aktuelt der eit basislån blir for høgt i forhold til kostnadene. Dette gjeld særleg for bustader mellom 45 og 65 kvm som har relativt enkel standard. Nytt lånetillegg for miljøsatsing Det nye lånetillegget for miljøsatsing skal stimulere til bustadprosjekt med særleg høge miljøambisjonar, f.eks. lågenergibustader. Slike prosjekt vil bli skjønnsmessig premierte. Dobla lånetillegg for livsløpsstandard For å få til livsløpsstandard i ein større del av bustadmassa er lånetillegget auka frå 100.000 kr til 200.000 kr. Nytt lånetillegg for besøksstandard Full livsløpsstandard er framleis Husbanken sitt primære mål, men i mange tilfelle er det p.g.a. tomteforhold, bygningstype, storleik på leilegheit og terrengforhold ikkje mogleg å få dette til. Derfor er det innført eit nytt lånetillegg for besøksstandard på opptil 100.000 kr per bustad. Det er ein føresetnad for lånetillegget at ein rullestolbrukar har tilfredsstillande: utvendig tilkomst dørbreidde og terskel for hovudinngangsdør til bustaden dørbreidde til stove og bad/wc I lavblokk blir det kravd heis i tillegg. Nivåbasert lånetillegg for trafikktryggleik Lånetillegget for trafikktryggleik får nå tre nivå: Enkle tiltak: 50.000 kroner Tiltak med spesielle krav til utforming, planlegging, materialbruk og detaljering: 100.000 kroner Kostnadskrevjande tiltak som parkeringskjeller: 150.000 kroner Dei øvrige lånetillegga er uendra. Retningslinjer og søknadsskjema I veke 3 vil retningslinjene HB 7.B.1 Retningslinjer for oppføringslån til ordinære boliger fra Husbanken og HB 7.B.1.1 Lånetillegg fra Husbanken vere endra. Samstundes vil reviderte nettutgåver av søknadsskjema for oppføringslån vere tilgjengelege både på bokmål og nynorsk. Trykte skjema vil liggje føre seinare.