Ønskjer mindre last på Vestlandet

- Etter ein spesiell vinter med mykje frost er det ein til to meter tele i vegane. Når dette er under opptining og før det vert stabilt, vil vegane vere sårbare for skader ved stor belastning, seier Kristian Rognskog, som har koordineringsansvar for dispensasjonar og spesialtransport i Statens vegvesen Region vest.

Inntil for nokre år sidan vart det innført telerestriksjonar på enkelte vegstrekningar kvar vår, og vegane vart skilta ned frå til dømes 10 tonns aksellast til 8 tonn. Dette gjaldt også på Vestlandet, men fordi vi her sjeldan opplever så langvarige kuldeperiodar, vart dette tiltaket oppheva. Telerestriksjonar kan imidlertid innførast igjen ved behov. Dette vert da varsla lokalt og ved skilting.

I år er saka svært aktuell, og Statens vegvesen vil difor i første omgang oppfordra transportnæringa til å ta omsyn til vegane og køyre med mindre last så vi kan unngå for store øydeleggingar. Tilstanden på vegane er ikkje optimal i utgangspunktet.

- Vi oppfordrar også til å kjøre aktsamt fordi telehiv og endra struktur i vegdekket kan ha innverknad på åtferda til kjøretøyet og dermed føre til trafikkfarlege situasjonar, seier Øyvind Haaland, leiar for Byggherreseksjonen på Veg- og transportavdelinga i Statens vegvesen Region vest.