Bru over Brandangersundet

Statens vegvesen byggjer på vegne av Sogn og Fjordane fylkeskommune bru på fylkesveg 4 over Brandangersundet. Det er no bestemt at arbeidet med montering startar opp i byrjinga av september, skriv vegvesen.no

-Entreprenøren Skanska bur seg på at det vert montering av brua tidleg i september, seier prosjektleiar Aril Hanekamhaug i Statens vegvesen.

Brua er totalt 285 meter lang med midtspenn på 220 meter og vil knyte Sandøy i Gulen kommune til fastlandet.

Heile hovudspennet skal fraktast frå Sløvåg og nordover i Brandangersundet til brustaden, og monterast med hjelp av 2 store kranskip. For å kome til med kranskipa vil det vere naudsynt å demontere ei av høgspentlinene som forsyner Mongstad med straum.

 

Forseinkingar i arbeidet

Planlegginga av prosjektet tok diverre lenger tid enn det som opphavleg var tenkt.

Etter at entreprenøren fekk oppdraget har sjølve bygginga av brua stort sett gått etter planen, og Statens vegvesen og Skanska har difor hatt som utgangspunkt å montere brua siste veka i juli.

nder planlegging av sjølve monteringa har det kome fram at det ikkje skal vere produksjon på Mongstad i september. For å unngå risikoen med straumbrot og driftstopp på Mongstad er det difor bestemt at monteringa vert utsett til byrjinga av september.

Demonteringa av høgspentlina er avklart og koordinert med BKK (Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap).

- Dersom alt går etter planen i september, tek vi sikte på vegopning tidleg i november, avsluttar Hanekamhaug.

Brua er totalt 285 meter lang med midtspenn på 220 meter og vil knyte Sandøy i Gulen kommune til fastlandet.