God fremdrift på T-forbindelsen

Bygginga av T-forbindelsen har no pågått i over fem månader og arbeida med å byggje undersjøisk tunnel er godt i gang på tre forskjellige stader, skriv vegvesen.no.

 

– På Hellevik har vi kome 516 meter inn i fjellet og frå Mjåsund 352 meter, fortel Rune Sandven, prosjektleiar for T-forbindelsen i Statens vegvesen.

– På Håvik har vi treft på dårleg fjell, noko som har ført til mykje sikringsarbeid og liten inndrift. No har vi kome 60 meter inn i fjellet, men vi reknar med at fjellkvaliteten vil betre seg om ganske kort tid, seier Sandven.

I løpet av 2010 skal Statens vegvesen lyse ut to nye byggjekontraktar for T-forbindelsen. Den første kontrakten er knyta til støytiltak og fasadeisolering av bygningar. Den andre er ei vidareføring av vegen mellom Tuastad og Raglamyr.

– I den andre kontrakten (K2) er vegstrekninga som skal byggjast ca. 7 km lang. Dette inkluderer to tunnelar på til saman 950 meter, i tillegg til nokre bruer og kulvertar, seier Rune Sandven. – Vi reknar med at bygginga kan starte seint på hausten i år og strekninga vil ha ei byggjetid på ca to år.

AF Gruppen byggjer den første kontrakten (K1) som i hovudsak består av 9 km med undersjøisk tunnel. Denne kontrakten skal vera ferdig i desember 2012.

T-forbindelsen skal opnast som planlagt våren 2013.