Ny kapital til Moxy

Eigar Brian Thomson og The Thomson Group tilfører Moxy Engineering 54 millionar kroner i ny kapital, skriv Romsdal Budstikke.

Dette sikrar full drift hos dumparprodusenten igjen, skriv avisa. Det medfører at bemanninga blir trappa opp frå 110 til 140 tilsette. Tillitsvald ved Moxy, Harry Nerland, seier til NRK at dette er den beste julegåva dei kunne få. Han seier også at dei tilsette har tillit til eigaren og at dei ikkje er overraska over den nye kapitaltilførselen.