Posten selde postbygget til «halv» pris

Posten har i haust selt fleire eigedomar med tap. I Sogndal vart postbygget selt for 16,5 millionar kroner. Det er 12,5 millionar kroner mindre enn Posten betalte for bygget då dei kjøpte det i 1994, melder Sogn Avis. Posten har ikkje vore like heldige med alt dei har føreteke seg på eigedomsmarknaden. Det statlege selskapet har selt fleire bygg til ein låg pris. Det nyskipa selskapet Sogndal Eigedom AS kjøpte for kort tid sidan postbygget i regionsenteret for 16,5 millionar kroner. Det var eit røvarkjøp. For Posten la 29 millionar kroner på bordet då dei kjøpte det 2.500 kvadratmeter store bygget i 1994.