NVE tilrår konsesjon for bygging av Reinskar kraftverk

NVE råder Olje- og energidepartementet til å gi Sjøfossen Energi AS tillatelse til å bygge Reinskar kraftverk i Gildeskål kommune, melder NVE.

Samtidig går NVE inn for å gi tillatelse til tilleggsregulering i det eksisterande magasinet i Storvatnet med ytterlegere 6,5 meters senking. Reinskar kraftverk vil bli bygget etter alternativ Reinskar I og vil ligge i Sundsfjordelva i Gildeskål kommune, Nordland. Kraftverket vil ligge omtrent midt i Sundsfjorddalen, og vil nytte fallet derfra og opp til Storvatnet. Storvatnet er i dag regulert med 3,5 m, og vil etter NVEs anbefaling bli ytterlegere senket med 6,5 meter. En utbygging som NVE anbefaler, vil gi rundt 44 GWh ny kraft med en installert effekt på 9 MW. Dette vil forsyne rundt 2000 husstander årlig med energi. Planane inneber at øvre del av Sundsfjordelva vil få kraftig redusert vassføring og at Storvatnet vil få ei større reguleringssone enn tidlegare. Nedanfor utlaupet av kraftverket vil vassføringa bli om lag som no. Etter NVE si tilråding er utbyggingsplanen redusert ein god del i høve til kva som opphaveleg vart omsøkt. Mellom anna inneber NVE si anbefaling at det blir gjeven konsesjon til ei langt mindre tilleggsregulering i Storvatnet enn Sjøfossen Energi har ønska. NVE ser på utbygginga som ei opprusting og utviding i eit vassdrag som allereie er regulert til kraftproduksjon, og vurderer miljøverknadene og dei negative verknadene for ålmenta som akseptable dersom våre forslag til redusert reguleringshøgd og andre avbøtande tiltak vert følgde opp. Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga. Mer informasjon om utbyggingen: http://www.nve.no/modules/module_109/publisher_view_product.asp?iEntityId=2470