Løyve til Ellenelva kraftverk

NVE gjev Fjellkraft Ellenelva AS løyve til å bygge Ellenelva kraftverk i Troms. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 12 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 600 husstandar.

Fjellkraft Ellenelva AS har søkt om løyve til å bygge Ellenelva kraftverk i Ellenelva i Tromsø. Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på 4,4 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på omlag 12 GWh.

Området for kraftverksutbygginga ligg rett utanfor Lyngsalpan landskapsvernområde. Det er ikkje påvist raudlista artar knytt til elva, men området nedanfor kraftstasjonen er gyte- og oppvekstområde for sjørøye. Kraftverket vil ligge i eit område med reindrift. NVE meiner at tilstrekkeleg vassføring heile året, installering av omløpsventil i kraftverket og at det vert sett krav til utforminga av anlegget av omsyn til landskap og reindrift er avbøtande tiltak som gjer utbygginga tilrådeleg.

NVE meiner fordelane i høve til dei allmenne interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket, og gjev difor løyve til Ellenelva kraftverk på fastsette vilkår.