Første heilskaplege bane sidan Gardermobanen

Måndag 16. november vart den første heilskaplege banestrekninga sidan Gardermobanen teken i bruk.

– Det 15 kilometer lange dobbeltsporet mellom Sandnes og Stavanger utgjer eit fullstendig baneanlegg og viser korleis vi bør halde fram med å byggje ut jernbanen, seier utbyggingssjef Ole Konttorp til Jernbaneverkets nettsider. 

 
Etter ein hektisk innspurt med stor innsats frå mange i Jernbaneverket rullar no toga på det nye dobbeltsporet på Nord-Jæren. Etter tre års anleggsperiode og 2,2 milliardar kroner har rogalendingane fått ein moderne jernbane med stasjonar og haldeplassar som er tilgjengelege for alle. Banen er bygd ut for å auke kapasiteten mellom byane, og frå 14. desember vert det avgangar kvart kvarter.
Innspurten har vore travel, og byggjeprosjektet har hausta lovord frå lokalsamfunnet. Jernbaneverket har lokalt fått mykje skryt for utforminga av anlegga, og ikkje minst den flotte turvegen langs Gandsfjorden som dobbeltsporutbygginga har medverka til å gjere mogleg.  

 

7000 grannar

– Vi har jo hatt ein del utfordringar undervegs, seier Ole Konttorp. Han tenkjer på at dobbeltsporet er bygd ut i det meste av tida langs ein sterkt trafikkert jernbane. Dei siste sju månadene var strekninga stengd for trafikk for at ein skulle få fullført anlegget. Men det å byggje inntil eit sterkt trafikkert spor er svært krevjande, seier Konttorp. Her var tilkomst til byggjeplassen og samarbeidet mellom dei ulike entreprisane avgjerande, seier utbyggingssjefen. Utfordring nummer to viste seg å bli signalanlegget. Som kjent vart ikkje det planlagde anlegget av typen Merkur godkjent, men i staden er det installert eit mellombels signalanlegg på strekninga.  

 

– Sist, men ikkje minst har vi hatt 7000 grannar til anlegget. Vi er derfor glade for å kunne seie at vi har unngått dei store konfliktane. Vi har lagt vekt på ikkje å ta for mye av utsikta til folk, og vi har lagt vekt på støydemping og avbøtande tiltak. Haldeplassane og stasjonane er bygde med god standard, og på Paradis stasjon har vi lagt ekstra vekt på å bruke materiale av høg kvalitet som kan passe inn i det moderne urbane miljøet som veks fram der, seier Konttorp.

Den 14. desember vert strekninga offisielt opna av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.