Prisen på arkitekttenester veks

Prisveksten for arkitekttenester held seg. Frå 3. kvartal 2000 til same kvartal i år auka prisane med 8,2 prosent. Årsveksten er den høgaste sidan prismålingane tok til, melder Statistisk Sentralbyrå. Jamført med kvartalet føre gjekk prisane opp med 1,8 prosent. Sjølv om prisauken over dei fire føregåande kvartala var høgare i 3. kvartal enn i 2 kvartal 2001, var prisauken frå 2. til 3. kvartal lågare enn prisauken frå 1. til 2. kvartal i år.