Saltdalelva kraftverk vil nytte eit fall på 205 m frå kote 238 til 33. Vatnet vert ført i nedgrave rør frå inntaket til kraftstasjonen.
Av omsyn til biologisk mangfald og landskapsinteresser, har NVE fastsett ei minstevassføring på 150 l/s i sommerperioden (1.5 30.9) og 50 l/s i vinterperioden (1.10 30.4).
Gjennom detaljplangodkjenning og oppfølging i byggetida vil NVE sjå til at landskapsinngrepa knytt til utbygginga vert avgrensa i størst moglig grad.
NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.