Profier byggjer Statens hus

Selskapet Profier A/S er plukka ut til å byggje nye Statens hus på Leikanger. Profier hadde det økonomisk beste tilbodet, skriv Fylkesmannen i følge NRK.

Forhandlingane om kontrakten vil ta 14 dagar, og dersom forhandlingane ikkje fører fram, vil framleis tilboda frå Jota Vest AS og Selmer Skanska AS vere av interesse.