Trollstigen åpner til våren

Til tross for de omfattende skadene riksveg 63, Trollstigen, fikk etter nedbøren tidligere i år vil den åpne som normalt til våren.

Vi kan allereie no slå fast at riksveg 63, Trollstigen, på tross av dei omfattande skadane vegen har fekk etter dei store nedbørsmengdene tidlegare i år, vert opna til normal tid våren 2004. Det er seksjonsleiar Ivar Hol i Statens vegvesen Region midt,som allereie no kan love ein normal opning av ein av landets viktigaste turistvegstrekningar. Det var særleg dei store nedbørsmengdene 14. og 15. august som førte til store skader og at vegen måtte stengjast for resten av sesongen 2003. På Stigrøra hadde elva flauma over og teke heile vegen i ei lengd av 200 meter. Frå brua over Stigfossen og fram til Grustaksvingen hadde flaumen vaska bort så store deler av vegfundamentet at asfaltdekket måtte gravast bort og fjernast. I samband med det omfattande utbetringsarbeidet, er det og lagt opp ytterlegare 700 kvadratmeter steinspranget i det tidlegare rassikringsområdet, i området over Kjelstadlina.