Nei til Sålåpinnklemma kraftverk

NVE seier nei bygging av Sålåpinnklemma kraftverk i Folldal kommune, Hedmark. NVE meiner fordelane ved bygging av kraftverket ikkje veg opp for skadar og ulemper som påførast allmenne interesser.

Småkraft AS har søkt om løyve til å bygge Sålåpinnklemma kraftverk i Folldal kommune. Kraftverket ville nytte eit fall på 27 m over ein strekning på 1100 m i Folla ved Moskardet. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på 3,4 MW og ein årleg produksjon på om lag 16,4 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 820 husstandar. Røyrgata var planlagt med ein diameter på heile 2,8 m og skulle gravast ned på heile strekninga. Det var i søknaden foreslått å sleppe ei minstevassføring på 0,5 m3 /s heile året, i tillegg til lokkeflaumar for fisk.

Dei største negative verknadane ved bygging av Sålåpinnklemma kraftverk er blant anna knytta til røyrgata som ville ført til eit omfattande inngrep i det særeigne elvelandskapet med ustabile lausmasser. Det er vandring av aure og harr i vassdraget og ein utbygging av kraftverket kan få negative konsekvensar for fisken sitt vandringsmønster. NVE legger også vekt på den innsatsen som er gjort for å forbetre vasskvaliteten i Folla med å redusere utslipp frå gruvedrifta, og som på sikt kan gjere elva til eit betre leveområde for fisk. I tillegg er det store fiske- og padleinteresser i elva, som vil bli sterkt påverka ved bygging av kraftverket.

NVE meiner at bygging av Sålåpinnklemma kraftverk vil virke negativt inn på så mange allmenne interesser at det totalt sett vil få store negative konsekvensar. NVE kan ikkje sjå at dei føreslegne avbøtande tiltaka er tilstrekkjeleg til å ivareta dei allmenne interessa.

NVE meiner difor at fordelane ved bygging av Sålåpinnklemma kraftverk er mindre enn ulempene for allmenne og private interesser, og kravet i vassressurslova § 25 er då ikkje oppfylt. På denne bakgrunnen er søknaden avslått.

Meir om Sålåpinnklemma kraftverk her