Nedgang i strømproduksjonen

August var den tiende måneden på rad hvor produksjonen av strøm i Noreg var lavere enn samme måned året før.

Den totale produksjonen av strøm var 7 675 GWh i august, som er en nedgang på 21,4 prosent. Hittil i år har den totale produksjonen av straum vore 67,2 GWh, som er ein nedgang på 21,3 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Den store nedgangen i produksjonen har samanheng med lite vatn i magasina. Fyllingsgraden i midten av august, veke 33, var 65,9 prosent av total magasinkapasitet. Det er 23,5 prosentpoeng under medianen basert på tidsperioden 1990-2000. Vassreservane i magasina hadde på denne tida eit produksjonspotensial på 53,8 TWh. I august var importen og eksporten høvesvis 645 og 736 GWh. Hittil i år har Noreg hatt ein netto import på 6 587 GWh. Høgt forbruk i kraftintensiv industri Forbruket i kraftintensiv industri var 2 663 GWh i august, som er ein auke på 11,5 prosent samanlikna med fjoråret. Forbruket i kraftintensiv industri har berre to gonger tidlegare vore høgare i august. Det er forbruket i produksjonen av aluminium og andre metall som utgjer denne auken. I den delen av den kraftintensive industrien var forbruket 1 778 GWh, som er det høgste forbruket registert i august. Det totale forbruket i heile sektoren kraftintensiv industri har hittil i år vore 3,5 prosent lågare enn i same periode i 2002, mens forbruket for produksjonen av aluminium og andre metall har auka sitt med 8,1 prosent. Brutto forbruk forutan kraftintensiv industri har vore 54,1 TWh hittil i år, som er ein nedgang på 5,2 prosent frå 2002. Høge prisar Den gjennomsnittlege prisen på straum i spotmarknaden var 27,2 øre/KWh i august. 1996 var førre gongen prisen var på dette nivået i august. Da var gjennomsnittleg pris på 29,9 øre/KWh. Situasjonen i Noreg var da den same som i år med lite vatn i magasina.