60 millioner kroner til Nasjonale turistveger

Regjeringen ønske å bruke 60 millioner innenfor investeringsbudsjettet for riksvegene i 2004 til å videreføre arbeidet med å utvikle de nye nasjonale turistvegene.

Dette er ein auke på 25 millionar kroner, samanlikna med 2003. Utviklinga av dei nasjonale turistvegane er eit landsdekkjande prosjekt, under leiing av Vegdirektoratet. Prosjektet legg opp til å utvikle i alt 18 nasjonale turistvegar i løpet av perioden 2002-2011. Gjennomføringa av prosjektet skjer i samarbeid med kommunar, fylkeskommunar, reiselivsorganisasjonar, verksemder, grendelag og privatpersonar. I 2004 vil midlane i hovudsak bli nytta på Atlanterhavsvegen, i Geiranger og på Trollstigen (Møre og Romsdal), i Hardanger (Hordaland), Ryfylke (Rogaland) og i Lofoten (Nordland).