Stramt budsjett for Statens vegvesen

Vegdirektør Olav Søfteland er samd i hovudgrepa i framlegget til samferdselsbudsjett. Men vegdirektøren peiker på at det blir eit stort etterslep på investeringssida i forhold til handlingsprogrammet.

Framleis stor satsing på trafikktryggleik og sikring av rasjonell anleggsdrift på igangsette vegprosjekt er viktige område for Statens vegvesen. - Eg er glad for at ein maktar å halde nivået på drift- og vedlikehaldsbudsjett. Det vert likevel et stramt budsjettår på dette området, seier vegdirektøren i ein kommentar. Regjeringa gjer framlegg for at det i statsbudsjettet for 2004 vert sett av 12 milliardar kroner til riksvegføremål. 5 milliardar skal gå til riksveginvesteringar. I tillegg kjem knappe 2,5 milliardar kroner frå bompengeselskapa. Vidare skal 5,8 milliardar nyttast til trafikktilsyn og drift- og vedlikehald. Stort etterslep - Med budsjettframlegget for 2004 vil vi på anleggssida ha eit etterslep på 1,5 milliarder kroner ved utløpet av dette året i forhold til handlingsprogrammet for 2002-2005. Med eit tilsvarande budsjett for 2005 blir etterslepet om lag to milliardar kroner, seier Søfteland. Trafikktryggleik er eit høgt prioritert område. Innsats på dette området går att både innan drift- og vedlikehald og på anleggssida. 11 nye vegprosjekt - Budsjettframlegget legg opp til oppstart av 10 nye sterkt etterspurde vegprosjekt, forutan anleggsstart på OPS-prosjektet E39 Handeland Feda i Vest-Agder. Det er særskilt gledeleg at vi no kjem i gang med bygging av E6 Åsgård Halmstad i Østfold, E18 Kopstad Gulli i Vestfold og E6 Nordre avlastningsveg i Trondheim, seier vegdirektøren. For å betre konkurranseevna til kollektivtransporten ønskjer regjeringa å prioritere tiltak som betrar framkoma i byområda. - Statens vegvesen har fått nye oppgåver. Dette ser eg positivt på. Betra forhold for kollektivtrafikken er eit viktig arbeid som vi tek som ei utfordring, seier vegdirektør Olav Søfteland.