510 millionar kroner til rassikring på riksvegnettet

Regjeringen går i budsjettforslaget for 2004 inn for at det neste år skal brukes i alt 510 millionar kroner til prosjekter og tiltak som er med på sikre mot ras på riksvegnettet.

Av dette beløpet er 204 millionar løyvingar under den særlege posten Rassikring, medan 306 millionar kroner gjeld investeringsmidlar til andre prosjekt og tiltak på vegnettet med rassikringsgevinst. Det er i 2004 planlagt å utbetre 20 rasutsette strekningar og 54 rasutsette punkt. - I tillegg til å hindre ulykker, er rassikring også viktig for å få bort noko av den uvissa og uroa som mange opplever fordi til dømes skoletransport dagleg må passere rasutsette strekningar. Ras og rasfare fører også til dårlegare og meir upåliteleg transport for næringslivet i distrikta. Rassikring er difor mange stader avgjerande for at folk og næringsliv skal ha eit trygt og tenleg transporttilbod, seier samferdselsminister Torild Skogsholm. Desse prosjekta er prioriterte i 2004 når det gjeld rassikring: Rv 9 Flåstrondi i Aust-Agder Rv 43 Aunevik Bukkesteinen i Vest-Agder Rv 13 Iversflaten i Rogaland Rv 550 Syreflot Aga i Hordaland Rv 550 Velureskredene i Hordaland E16 Voldum Seltun i Sogn og Fjordane E 39 Teigen Bogen i Sogn og Fjordane (ekstern finansiering) Rv 650 Dyrkorn Visettunnelen i Møre og Romsdal Rv 651 Greifsneset Løvikneset i Møre og Romsdal Rv 76 Tosenvegen i Nordland E6 Bånes Birtavarre i Troms I tillegg kan prosjektet riksveg 503 Gloppedalen i Rogaland bli fullført i 2004 med tidlegare løyvde stalege midlar, i fall det blir tilslutnad til fylkeskommunal forskottering. Innanfor løyvingane til vegformål vil det ellers bli nytta midlar til ei rekkje mindre rassikringstiltak, både på stamvegnettet og på andre riksvegar.