Anleggsstart for mange nye riksvegprosjekt

Regjeringa sitt forslag om å auke løyvingane til vegføremål i 2004 med nær 600 millionar kroner gir rom for at til saman 11 nye riksvegprosjekt vil bli sette i gang på stamvegnettet.

I tillegg vil det bli anleggsstart for fleire nye vegprosjekt på dei andre delane av riksvegnettet. - Eg er nøgd med at vi kan setje i gang desse nye vegprosjekta, som har mykje å seie for trafikktryggleik, distrikt og framkomelegheit for næringslivet. Saman med ei sterk kollektivsatsing i storbyane, gir dette eit bedre transporttilbod for heile landet, seier samferdselsminister Torild Skogsholm. Samferdselsdepartementet går inn for å setje i gang desse nye prosjekta på stamvegnettet: E6 Åsgård Halmstad, Østfold E18 Nygårdskrysset, Akershus E18 Kopstad Gulli, Vestfold E39 Tjensvollkrysset, Rogaland E39 Drangsdalen, Rogaland Riksveg 5 Kjøsnes Skei, Sogn og Fjordane E136 Horgheimseidet Sogge bru, Møre og Romsdal E6 Nordre Avlastingsveg i Trondheim, Sør-Trøndelag E6 Kulvert (planskilt kryssing mellom jernbanen og E6) ved Røra, Nord- Trøndelag E12 Umskaret, Nordland Det vil dessutan kome i gang anleggsarbeid på stamvegprosjektet E39 Handeland Feda, i Vest-Agder, som er et såkalla OPS-prosjekt (offentleg-privat samarbeid). For dei andre delane av riksvegnettet såkalla andre riksvegar er det lagt opp til å setje i gang mellom anna desse prosjekta: Riksveg 283 Kreftingsgate i Drammen, Buskerud Riksveg 311 Ringveg øst-vest Kjelle Kilen, Vestfold Riksveg 550 Syreflot Aga, Hordaland Riksveg 769 Høknes Orientkrysset, Nord-Trøndelag I tillegg til desse fire prosjekta vil det og bli sett i gang arbeid med ei rekkje andre, mindre prosjekt. ---------------- E6 Bånes Birtavarre Anleggsarbeid framskyndes Samferdselsdepartementet legg også opp til å framskunde gjennomføringa av rassikringsprosjektet Bånes Birtavarre på E6 langs Kåfjorden i Troms. Med det budsjettforslaget som no ligg føre, kan prosjektet opnast for trafikk i 2005, medan det tidlegare var rekna med dette kunne skje i 2006.