Går inn for anleggsstart i 2005 på Halsnøysambandet

Regjeringa går inn for at utbygginga av riksvegprosjektet Halsnøysambandet i Kvinnherad kommune i Hordaland kan ta til i 2005.

Prosjektet omfattar ein 4,1 kilometer lang undersjøisk tunnel frå Sunde på fastlandet og over til Halsnøy og ein tilførselsveg på 2,2 kilometer. Etter dei planane som nå ligg føre vil den nye vegen bli opna for trafikk i 2008. - Den nye vegen vil gi innbyggjarane på Halsnøy ferjefritt vegsamband til resten av Kvinnherrad kommune, og fører til at reisetida mellom sentrale delar av Halsnøy og fastlandet blir redusert frå 40-50 minutt til 10-15 minutt. Eit fast vegsamband til Halsnøy vil leggje til rette for eit betre og lettare tilgjengeleg tenestetilbod i kommunen. Pendlarane får kortare reisetid, og arbeidsmarknaden blir utvida. For næringslivet i området vil det nye fastlandsambandet vere med på å styrkje konkurranseevna, seier samferdselsminister Torild Skogsholm. Kostnadsoverslaget for prosjektet er 343 millioner kroner (2003-kroner). Av dette beløpet skal 112 millionar dekkjast av løyvingar over statsbudsjettet, 197millionar kroner vil bli finansiert ved innkrevjing av bompengar, medan 34 millionar kroner vil bli dekt ved kommunalt tilskott. Når Halsnøyprosjektet står ferdig i 2008 vil det noverande ferjesambandet mellom Stord og Kvinnherad (sambandet Skjersholmane Ranavik Sunde) bli omgjort til eit pendelsamband mellom Skjersholmane og Ranavik. Bompengeordninga for Halsnøyprosjektet fører til at det med verknad frå første kvartal 2004 og fram til opninga av den nye vegen i 2008 blir innkrevjing av bompengar i ferjesambandet Skjersholmane Ranavik - Sunde. Etter av vegen er opna for trafikk vil det så i ein periode på 15 år vere innkrevjing av bompengar i ein bomstasjon på Halsnøy. Regjeringa vil seinare i haust leggje fram ein stortingsproposisjon om utbygging av riksveg 544 Halsnøysambandet i Kvinnherad kommune.