Sesongavslutning med NM på Røros

I helga deltok Merethe, Solfrid og Jorunn på NM på Røros. Ellen avslutta sesongen ei uke før og stod dermed over NM-distansane.

Etter ein lang sesong med både oppturar og nedturar for oss alle, stod NM del II på Røros for tur. På programmet var sprintstaffett og 30 km skøyting.

Solfrid og Jorunn stod på startstreken for Høybråten og Stovner på fredagens sprintdistanse. I dei morsomme Rørosløypene med bratte bakker både oppover og nedover klarte vi å komme vidare fra semifinale til finale. I finalen står heile 12 lag på start og vi var tent på å gi det vi hadde og prøve å gå det vi var gode for fra start av. Jorunn gjekk første etappe og blei som vanlig(!) hengande litt igjen fra start av. Men seige-damer som me er, våkna me litt opp etterkvart og Solfrid satte inn superkreftene sine og tok igjen fleire lag. Vi veksla som nr 4 etter begge andre etappane men fekk det litt tung på dei to siste rundane. Vi enda til slutt på 8 plass og kunne vel seie oss vel fornøgd med det. Norgesmeister denne dagen vart Henning skilag.

På lørdagen var det klart for 30 km skøyting. Solfrid, Merethe og Jorunn var klar for ei knallhard 3-mil i det som skulle bli tidenes NM-løyper. NM-arrangøren hadde virkelig lagt ned arbeid med å få til løyper heilt utanom det vanlige. Vi sleit oss gjennom historiske område med slagghaugar, minnesmerke, ned og opp ein slalombakke, gjennom bygatene og godt bevarte trehus oppført på UNESCOS liste over verdas kulturarv.

Med andre ord ei flott oppleving på sesongen. Løypa var som sagt tøff og vi sleit med å henge med tempoet til dei beste jentene i startfeltet. Merethe gjekk eit bra løp og plasserte seg som nr. 18. Jorunn gjekk eit godkjent løp og blei til slutt nr. 14. Solfrid fekk det veldig tungt på slutten, men klarte å komme seg til mål som nr. 31.

Da er sesongen over for i år, sjøl om skia ikkje heilt enda tar sommarferie. Framover er det fantastiske muligheter til å nytte all den flotte snøen vi har liggande, så ikkje bli forundra dersom det blir observert ein løper med "Team Bolig" på ryggen i fleire månadar framover....