Økning i produksjonen av innsatsvarer

Produksjonen i industrien har hatt en økning på rundt 4 prosent fra juni til juli i år, viser sesongjusterte tall fra SSB.

Dette heng saman med ein klar auke i produksjonen av innsatsvarer og ein liten auke i investeringsvarer. Auken i innsatsvarer heng saman med aktiviteten i treforedling og metallindustrien. Produsentane i treforedling har ikkje hatt driftstans i sin produksjon i juli i år, i motsetnad til i same periode i fjor. Aktørane innanfor ikkje-jernhaldige metall er i ferd med å ta i bruk auka produksjonskapasitet og produksjonen er difor klart større enn i tilsvarande periode i fjor. Det har heller ikkje vore nokon særleg reduksjon i produksjonen av ikkje-jernhaldige metall knytt til ting som ferieavvikling og andre forhold i juli i år. I 2002 og 2001 var det ein slik nedgang i produksjonen samanlikna med månadene før og etter. Marknadstilhøva for treforedling og aluminium er likevel ikkje vurdert som særskilt annleis eller betre enn i tala for juni i år. I høve til i fjor er marknadstilhøva vurderte som noko betre. Ein liten auke i investeringsvarer Aktiviteten innanfor plattformindustrien held opp produksjonen av investeringsvarer i juli i år. Det har her vore ein auke på om lag 5 prosent samanlikna med juni i år, viser sesongjusterte tal. Uendra produksjon sidan juli i fjor Det har vore ein klar auke i produksjonen av innsatsvarer i juli i år samanlikna med juli i fjor, viser vekekorrigerte tal. Dette heng saman med produksjonen innanfor treforedling og metallindustrien. Aktiviteten i verkstadnæringane og i transportmiddelindustrien er klart lågare enn i same periode i fjor. Produksjonen av investeringsvarer har da hatt ein nedgang på rundt 6 prosent. Samla produksjon i industrien er difor uendra i høve til same periode i fjor. Verkstadnæringane og forlag og grafisk industri Driftstans i industrien elles i samband med ferie og liknande forhold for juli i år er vurdert på linje med juli i fjor. Dette må ein ta omsyn til når ein ser på sesongjusterte endringstal frå verkstadnæringane og forlag og grafisk industri. Når tal for august ligg føre har ein eit betre grunnlag for å vurdere dei siste endringane i desse næringane.