Vasaloppet 2009

I helga var eg i Sverige og gjekk Vasaloppet. Me var 30 stk som køyrde buss i frå Trondheim til Sälen.

Sidan dette var første gong eg stod på start i Vasaloppet var eg sjølvsagt litt spent på korleis det ville vere å gå dei 9 lange mila med meir eller mindre staking heile vegen. Været var bra, det var enkelt å smøre ski så det var det ingenting å seie på.

Det som imponerte meg mest med dette arrangementet er kor utrulig mange folk som stod på start samtidig! Bortimot 16.000 personar startar på samme tidspunkt utan nevneverdige problem, litt av eit syn! Litt køgåing i starten blei det jo, men etterkvart jevna det seg ut.

Mila fauk forholdsvis fort unna og eg hadde ein fin tur gjennom dei svenske skogane. Utfordringa var å få i seg nok mat og drikke, det var ikkje noko problem da arrangøren hadde 7 drikkepostar og eg også gjekk med drikkebelte. Likevel blei det tungt på slutten og det begynte å tære på kreftene.

Med krampe i både armar og bein på slutten var det godt å kunne skli over målstreken med vissheita om at eg hadde gjennomført mitt første og garantert ikkje siste Vasalopp! Eg kom inn som nr 9 i dameklassen og vart dermed beste norske dame. Sandra Hansson fra sverige vann dameklassen i år som i fjor.