Løyve til Føssa kraftverk

NVE har gjeve Føssa kraftverk AS løyve til å bygge Føssa kraftverk i Meldal kommune, Sør-Trøndelag. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på om lag 4,3 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 215 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på 320 meter over om lag 2300 meter i Føssa.
Av omsyn til biologisk mangfald og landskapsinteresser, har NVE fastsett ei minstevassføring på 20 l/s heile året.

Av omsyn til anadrom strekke i nasjonalt laksevassdrag nedstrøms kraftverket, og av omsyn til reindrift, landskap og friluftsinteresser, gjev NVE ikkje løyve til omsøkt regulering av Føssjøen.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Meir informasjon om Føssa kraftverk på www.nve.no