Arkitektkontoret CF Møller Arkitektkontoret CF Møller

Bygger ny barneavdeling i Ålesund

Helse Sunnmøre har godkjent forprosjektet for ny barneavdeling ved Ålesund sjukehus. Helsebygg er prosjektleder, og det blir trolig byggestart til sommeren.

Barneavdelingen på 5300 kvm skal stå ferdig ved årsskiftet 2010-11. Kostnadene er beregnet til nær 260 millioner kroner.

Arkitektfirmaet C.F. Møller Norge A/S (som vant arkitektkonkurransen i 2004) og rådgivende ingeniørfirma, COWI A/S har siden oktober 2008 arbeidet med forprosjektet for ny barneavdeling. Forprosjektet var ferdig 12. februar 2009, og er nå godkjent av styret i Helse Sunnmøre.

Les mer om prosjektet i denne pressemeldingen fra Helse Sunnmøre:

Styret i Helse Sunnmøre slutta seg i dag til det framlagte forprosjektet for ny barneavdeling. Barneavdelinga ved Ålesund sjukehus har i fleire år vore ei høgt prioritert investering, både ut frå standard på dagens lokaler, og fordi stor og aukande arealmangel har medført vanskelege forhold for pasientar og pårørande.

Prosess
Styret for Helse Sunnmøre HF vedtok 22. august 2002 å opprette ei prosjektgruppe som skulle utarbeide eit "Ide-søk" og som seinare leia til ei arkitektkonkurranse for prosjektet. I samarbeid med arkitektfirmaet vart så vinnarutkastet Kengeru vidareutvikla til eit skisseforslag, og styret gav sin tilslutning til konseptet i sak 45/2005, sak 54/06.

Helse Sunnmøre oppretta så ei lokal styringsgruppe der Helsebygg Midt-Norge vart engasjert som prosjektleiar i mai 2008. Gruppa la i oktober 2008 fram eit skisseprosjekt og i februar 2009 forprosjekt for ny barneavdeling.

Vidare framdrift
Forprosjektet skal nyttast som grunnlag for styrebehandling/utbyggingsvedtak i Helse Sunnmøre HF og Helse Midt-Norge RHF - samt at forprosjektet inngår i grunnlaget for entreprenørkonkurranse.

Det er planlagt byggestart sommar/haust 2009 og avdelinga skal vere ferdigstilt årsskiftet 2010/2011. Bygget vil få eit bruttoareal på 5357 kvm.

Styret i Helse Sunnmøre gjorde følgjande vedtak:

1. Styret sluttar seg til det framlagte forprosjekt for ny barneavdeling i Ålesund. Styringsmål for prosjektleiinga settast til 259,2 mnok. p50 prisnivå desember 2008.
2. Styret disponerer kostnadsramme p70% 275,1 mnok. prisnivå desember 2008.
3. Styret ber Helse Midt-Norge snarast om avklaring av finansieringsplanen med sikte på byggestart sommaren 2009 og sluttføring av prosjektet desember 2010.
4. Styret ber om at adm. direktør kjem tilbake med eigen styresak om dekning av framtidige auka driftskostnadar.

Les mer om forprosjektet her