Ingen endringar i røyrleggjarkostnadene

Dei totale byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg var uendra frå juni til juli i år, viser tal frå SSB.

Frå juli i fjor til juli i år steig dei totale byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg med 5,3 prosent. Kostnadene for sanitærinstallasjonar og varmeinstallasjonar steig med respektive 5,4 og 5,1 prosent i same periode.