Lavere produksjon og omsetning for industrien

Sesongjusterte tall viser at en nedgang på 1,5 prosent i norsk industriproduksjon gjennom 2. kvartal, sammenlignet med kvartalet før, melder SSB.

Nedgangen for investeringsvarer heng mest saman med aktiviteten innanfor produksjon av oljeplattformer og i transportmiddelindustrien. Begge desse næringane har hatt ein nedgang på rundt 6 prosent, samanlikna med 1. kvartal i år. Dette heng saman med lågare etterspurnad og aukande internasjonal konkurranse for dei norsk aktørane. Resten av næringane som produserer investeringsvarer, har også hatt ein nedgang. Dette gjer at samla produksjon har gått ned med om lag 5 prosent i 2. kvartal i år. Ein liten auke i produksjonen av innsatsvarer Produksjonen av innsatsvarer har hatt ein auke på 1 prosent gjennom 2. kvartal i år, samanlikna med kvartalet før. Dette kjem mellom anna av ein auke i produksjonen av kjemiske råvarer og i metallindustrien. Trelast- og trevareindustrien og treforedling har hatt nedgang. Liten nedgang i produksjonen av konsumvarer Samla produksjon av konsumvarer har gått ned med om lag 1 prosent gjennom 2. kvartal samanlikna med kvartalet før. Dette heng mellom anna saman med nedgang innan forlag og grafisk industri og i møbelindustrien. Høg leiteboring etter olje og gass i juni Det har vore høg leiteboring etter olje- og gass i juni i år samanlikna med tidlegare i år. Dette gjer at samla aktivitet innanfor norsk olje- og gassutvinning held seg oppe. Olje- og gassproduksjonen har vore klart lågare enn tilsvarande periode i fjor knytt til planlagde, betydelege revisjonsstansar på fleire felt.