Anleggsleiar

K.A.Aurstad AS er eit maskinentreprenørfirma som arbeider innan tunnelarbeid, knusing, masseflytting, kraftverk og kommunal tekniske anlegg. Selskapet blei etablert i 1985 og arbeidsstokken tel i dag i underkant av 100 tilsette. Selskapet har ein sunn økonomi. K.A.Aurstad AS har nye og funksjonelle administrasjons- og verkstadslokale i Hovdebygda i Ørsta.

FirmaK.A.Aurstad AS
Fylke
SøknadsfristSnarest

Vi søkjer etter nye medarbeidarar:

ANLEGGSLEIAR

Arbeidsoppgåver:
Leie tildelte prosjekt med vekt på fylgjande:
- Ansvar for byggherrekontakt og kontraktsoppfølging, framdrift og avvikshandtering
- Ansvar for HMS og Kvalitet
- Ansvar for organisering av arbeidet, eigne ressursar og underentreprenørar
- Ansvar for bestillingar og oppfølging av materialleveransar
- Ansvar for oppfølging og rapportering av prosjektøkonomi

Vi ynskjer søkjarar med fylgjande kvalifikasjonar:
- Tekniske fagskule, ingeniør-eller sivilingeniørutdanning innan bygg og anlegg
- Relevant praksis
- Erfaring frå tilsvarande arbeid

Vi ynskjer å få deg med på laget, og tilbyr gode lønns og pensjonsordningar og eit triveleg arbeidsmiljø. Du vil inngå i leiargruppa, og få ta del i utviklinga av selskapet.

Spørsmål om stillingane kan rettast til Cato Aurstad på tlf. 70 04 71 50/906 41250
Skriftleg søknad med CV og kopi av attestar og anna dokumentasjon sendast snarast til:
K.A. Aurstad AS, Torvmyrane 31, 6150 Ørsta. Eller til: firmapost@ka-aurstad.no

Vis flere stillinger: